Buskøy - en liten perle i havgapet i Nord-Solund

Muligheter for overnatting og leie av lokaler i historiske omgivelser.

DS Buskø. Maleriet henger på Ishavsmuseet på Brandal.

Historien om fiskedamperen DS Buskø.

Til tross for vanskelige tider kontraherte Jan Hess fiskedamperen DS Buskø i 1925. Båten ble bygget i tre ved Gravdal Skipsbyggeri, Opsanger, i 1925/26. Dampmaskin, originalt 140 hk, Mjellem & Karlsen. ”DS Buskø” vart bygd av tre hos Hans Gravdal i Opsanger for Jan Hess og levert i 1926. Som ny hadde skuta måla 105 fot / 159 brt og fekk innsett ein dampmaskin på 140 hestekrefter. Maskinen var bygd av Mjellem og Karlsen i Bergen i 1902. Den hadde tidlegare stått i Jan Hess sitt fartøy ”Storeggen”. ”Buskø” vart levert til Jan Hess AS, Florvåg/Buskøy.

Tilknytinga til Buskøya i ytre Sogn er bakgrunnen for namnet på skuta. ”Buskø” vart registrert i Askøy og fekk fiskerimerket H 23 A. I 1933 vart skuta seld til Elling og Paal Aarseth m. fl. i Vartdal. ”Buskø” fekk då fiskerimerket M 17 VD. I tillegg til fangst og fiske utførte ”Buskø” også fleire ekspedisjonsoppdrag for Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser. Skipperar i Vartdal-tida var m.a. Johannes Myklebust, Hans L. Sætre, Arnolf Sandvik, Sverre Rudi og Monrad Pilskog.

I april 1940 var ”Buskø” i Vestisen på selfangst. Etter at Noreg var okkupert av tyske styrkar, gjekk ”Buskø” saman med ein del andre sunnmørsskuter om Svalbard til Tromsø. Der vart dei liggjande til kampane i Nord-Noreg var over. Då gjekk dei i lag heim til Sunnmøre. Året etter var ”Buskø” på eit ekspedisjonsoppdrag til Nordaust-Grønland. Der vart skuta oppbrakt av eit amerikansk marinefartøy og teka med til Amerika. Skuta vart verande i Amerika resten av krigstida.

”DS Buskø"var i heller dårleg forfatning då ho kom heim til Noreg etter krigen. I første åra etter krigen måtte ishavsflåten byggjast opp igjen etter slitasje og forlis under krigen. I desse åra kom også den store utskiftinga av dampmaskinane. Mange av skutene fekk innsett britiske minesveiparmotorar av fabrikatet Crossley, - militært overskotsmateriell som vart selt til sivile formål.

”Buskø” fekk ny baug, nytt styrehus og ny maskin – ein Crossley diesel på 375 hk – ved Bolsønes i 1950. Etter ombygginga vart måla oppgjevne til 121 fot / 169 brt. ”Buskø” gjekk altså gjennom ei større ombygging og modernisering kort tid før den store ulykka i 1952.

DS Buskø forliste i en voldsom orkan i Vestisen i 1952 sammen med 4 andre norske ishavsskuter i den største tragedien som noen gang har rammet norsk selfangst. Den 4.april 1952 forliste «Buskø» i vestisen sammen med flere andre fangstskuter.

Diktet nedenfor er skrevet av Elias H. Sætre etter forliset i 1952.

«Buskø» - forliset i 1952.  Det bles full storm / orkan. Tett snøkave, -20 grader og sjøen braut 300 meter inn over iskanten. Slik beskriver 

DS Buskø - forliset. Dikt skrevet av Elias H Sætre, broren til Johan Sætre som omkom i forliset.

DS Buskø i full fart.

Mannskap ombord i DS Buskø.

DS Buskø i isen.